logo.png
 
 
 
MENY

Vårt samfunnsansvar

01_ulsmohallen_still_fra_video_1_of_1_.jpg

Men ei hjørnesteinsbedrift i eit lokalsamfunn bør vere oppteken av meir enn å gje arbeidarane eit levebrød. Ho bør vere med på å skape ein god og triveleg heimstad for dei som har søkt seg til bedrifta og sett bu på staden. Trivsel er ikkje berre eit spørsmål om trygge arbeidsplassar, om barnehagar og skular, sjukheimar og andre velferdstiltak. Det er òg eit spørsmål om miljø og møtestader, om felles opplevingar, om samhald og samkjensle – om identitet. Ei god hjørnesteinsbedrift har syn for dette.

Kultur er viktig. Korleis hadde Ulstein-samfunnet vore utan korpsmusikk i gatene 17. mai, utan juletonar i gatene i adventstida og i kyrkja julekvelden? Korleis hadde søndagane vore utan spenninga på handballbanen i vinterhalvåret eller framfor målet på Høddvoll sommarsdag? Men hornblåsarane og ballspelarane er avhengige av støtte i kvardagen – til lokale og trenarar, til drift og drakt og reiser og mykje anna. Godt er det då å ha ei lokal og solid familiebedrift i ryggen.

Ulsmo og Ulstein-konsernet har støtta mange gode, lokale føremål, lag og foreiningar, arrangement og bygningar. Eitt døme – då den tredje største idrettshallen i landet nyleg stod ferdig, vart han kalla Ulsteinhallen, og han vart det ikkje berre fordi han var bygd i Ulstein kommune, men like mykje fordi han kunne nyte godt av rause gåver frå Ulstein-konsernet. «Det kan haldast både nasjonale og internasjonale meisterskapar her,» jublar entusiastane bak hallen.

Like ved sida ligg Ulsmohallen, med kunstgras på fotballbanen. Hallen er open frå tidleg morgon til sein kveld sju dagar i veka, og aktiviteten er stor, ikkje minst blant born og ungdom. ”Det er herleg å kunne støtte opp under sunne aktivitetar, og særleg når behovet er så stort,” seier Ingerid.

Det hittil siste nye innan idretts- og kulturlivet i Ulstein er reisinga av ein større bygning som går under namnet Arena Ulstein, og som skal stå ferdig i 2017. Huset skal rømme bibliotek, symje- og idrettsanlegg og klatrehall. Ulsmo har også opna lommeboka for dette føremålet og har vedteke å løyve30 millionar kroner over ein tiårsperiode. ”For oss er det naturleg å støtte positive, lokale tiltak, anten det er å formidle den kunnskapen som eit moderne bibliotek kan gje sambygdingar i alle aldrar, eller det er å sikre at borna våre får ei god symjeopplæring,” slår Ulsmo-direktøren fast.

Eit ansvar på land, og til havs

03_triangel_still_fra_video_1_of_1_347.jpg

Bygging av hotell er eit anna spørsmål Idar og etterkommarane har engasjert seg i. Då det første vesle hotellet vart reist i sentrum av Ulsteinvik, var det med støtte frå dei to store skipsverfta i kommunen, Ulstein og Kleven.

Det var som det skulle vere. Kundane til verfta var dei som oftast hadde bruk for ein overnattingsstad – ved sida av fotballaga, som utslitne etter reisa med fly og buss og fleire ferjer tørna inn på hotellet i sentrum – for å bli haldne vakne søndagsnatta av skrålande, ihuga Hødd-supporterar. Nattelevenet var visstnok ein del av strategien – for å tale språket til fader Idar. At eit nytt og stort og moderne hotell vart bygd i søreuropeisk stil oppe mellom lyngtuvene ved Høddvoll, var eksotisk og oppsiktsvekkjande. Ulstein-konsernet var i rikt monn med på spleiselaget. Idar var likevel blant dei som ikkje var heilt nøgd med plasseringa. Hotellet låg for langt unna sentrum. Etter at hotellposten i 1994 vart overført til Naustneset og delt likt mellom dei seks familiegreinene etter Inga og Martin, engasjerte Idar seg i det som blir omtala som trekantsaka. Den innebar at kommunen skulle kjøpe den gamle folkehøgskulebygningen, folkehøgskulen skulle ta over hotellokala på Varleite, og nytt, moderne hotell skulle reisast i sentrum. Og også på denne fronten vann Idar fram. I 2007 stod eit moderne konferansehotell kombinert med kulturhus ferdig i sjøkanten ved Ulsteinvik sentrum.

Nokre år tidlegare dukka ein samvirkelagsstyrar opp på arenaen. Kunne Idar tenkje seg å byggje eit forretningssenter i Ulsteinvik – ein stad der folk ville samlast? Skipsbyggjaren var slett ikkje framand for tanken. Dei fleste tettstadene med respekt for seg sjølv var i ferd med å få seg eit kjøpesenter, som samstundes vart eit samlingssenter, ein stad der folk kunne møtast. Det var på denne tida Idar var i ferdi med å vende blikket bort frå havet og sjå innover land. Han diskuterte saka med sine nytilsette born, og dei støtta han. Kanskje var det forretningsbygg, eigedom, dei skulle satse på, i tillegg til den etter kvart så usikre seglasen på bølgja blå? Blåhuset vart bygd ved tusenårsskiftet – og det representerte eit tidarvende for Ulsmo.

Huset fekk plass midt i sentrum av Ulsteinvik, og utanfor inngangen på nordsida kom med åra eit kunstverk av skulptøren Kirsten Kokkin på plass. Namnet på skulpturen er ”Triangel”, og det viser tre menneske som er bundne saman, og der to held den tredje oppe. Kunstverket illustrerer samhald, sa Idar då han på 77-årsdagen sin, 2. april 2011 avduka kunstverket. Samhald og samkjensle var Idar sterkt oppteken av like til det siste – i familien og blant bygdefolket.

Og etterkommarane har følgt i fotefara til faren også på det kunstnarlege området. Under utsmykkinga av Ulsteinvik sentrum i 2015 er Ulsmo blant dei som har stått for finansieringa av to større kunstverk, ”Skipsbyggjarane” av Kristian Blystad pg ”Tre portalar” av Bård Brevik.

Gode kommunikasjonar med omverda

flaska_knuser.jpg

Gode kommunikasjonar med omverda er ein annan føresetnad for at eit lokalsamfunn skal fungere. Meir enn nokon gong har folk behov for å reise, til byen, til feriestaden, til og frå arbeid. I særleg grad er kommunikasjonane viktige for folk som bur på ei øy, og som er avhengige av å krysse eit havstykke eller ein fjord for å komme til og frå. Frå gammalt har folk i Ulstein vore avhengige av sjøen, same kvar ein skulle – vestover til Herøy og Sande, sørover til Ørsta og Volda, nordover til Ålesund.

For ei bedrift som Ulstein var det ekstra problematisk. Etter kvart som verksemda voks, måtte ho ut av bygda for å finne nok arbeidarar, men fjordkryssingane kunne gjere dagpendling vanskeleg. Skulle Ulstein få tilgang til den arbeidskrafta bedrifta trong, måtte Hareidlandet få fastlandssamband. Naturleg nok stod Idar i fremste rekkje for å realisere Eiksundsambandet. I 2008 var kampen fullført, og bru- og tunnelprosjektet som batt Ulsteinvik og resten av ytre, søre saman med Ørsta og Volda stod ferdig, til ein prislapp på knapt ein milliard. Noko av kostnadene skulle dekkjast gjennom bompengeinnkreving. Trafikkgrunnlaget vart så godt at nedbetalingstida vart berre halvparten så lang som stipulert. Attpå alt kunne forkjemparane skryte av å ha den djupaste undersjøiske tunnelen i verda.

Men Eiksundsambandet var berre første steg på vegen mot ei ny tid. Skipsindustrien og fiskeindustrien er eksportretta, og både Ulstein og Herøy – pluss Ørsta og Volda – ville ha stor nytte av betre og kortare veg til Austlandet og vidare ut. Idar var blant føregangsmennene for å få bygd Kvivsvegen også, og hausten 2012 var milliardprosjektet fullført. Ein 6 - 7 kilometer lang tunnel gjennom Kviven, grensefjellet mellom Sunnmøre og indre Nordfjord, er ein del av den nye vegen. Idar fekk ikkje oppleve å køyre Kvivsvegen, men han følgde interessert med i bygginga så lenge han levde. Med dei to samferdsleprosjekta mot søraust har bilfolket i Ulstein-regionen fått redusert reisetida til Austlandet med fleire timar.

Men framleis er dei avhengige av båt for å komme seg til Ålesund og nordre Sunnmøre. Neste målet er å skaffe Hareidlandet fastlandssamband med Ålesund og samstundes bli ein del av ein ferjefri E 39 mellom Kristiansand og Trondheim. Den teknologiske utfordringa med å krysse den breie og djupe Sulafjorden er stor, men sunnmøringane er ikkje kjende for å vere dei som gjev seg først. Også på dette området ber Gunvor arven etter faren vidare, og ho sit som styreleiar for det krevjande Hafast-prosjektet. Ho kjenner seg trygg på at folket på ytre, søre om ikkje altfor mange år kan køyre bil til Ålesund, utan å måtte sitje i ferjekø på Hareid.

Kultur, kommunikasjon og kunnskap

geir.jpg

Kultur, kommunikasjon og kunnskap er tre k-ord som heng høgt i Ulstein-familien. Skal ein vere i framkant av utviklinga, må ein vere kunnskapsorientert. For å sikre rekrutteringa til og interessa for skipsindustrien var Idar oppteken av å gjere skipsbygging til fag ved Høgskulen i Ålesund, og han har mykje av æra for at skulen no satsar så sterkt på studium innan teknologi og maritime fag. Gunvor og Tore har følgt i fotefara til faderen også her. Mellom anna har Ulstein gjeve Høgskulen eit gåveprofessorat for å utvikle den maritime kompetansen og å styrkje forskingsmiljøet i den maritime næringa. Dessutan har Tore – blant mange andre tillitsverv – sete i styret for Ålesund Kunnskapspark heilt frå starten i 1999 til 2012.

Ulstein-konsernet er medeigar i kunnskapsparken – eller «regionalt senter for næringsutvikling, innovasjon og samfunnsbygging», som institusjonen sjølv omtalar seg som – og han tilbyr mellom anna fleire internasjonale masterstudium i maritime fag.

Kunnskap og undervisning er nøkkelord for Ulstein-konsernet også på ein annan måte. Og i dette tilfellet gjeld det ikkje Sunnmøre og heimlandet, men den fattige delen av verda. Ulstein har i fleire år gjeve vesentleg støtte til SOS Barnebyer. Tidlegare er ein barneby i Brasil blitt renovert ved hjelp av Ulstein-midlar, og no er det naudlidande jenter og kvinner i Angola som skal få hjelp. «Når vi har valt å satse på SOS Barnebyer, er det fordi dei legg vekt på undervisning, og etter mitt syn er det det viktigaste tiltaket mot fattigdom,» seier Gunvor. «Dessutan held dei søskenflokken samla, og for oss som er så opptekne av samhald, og sjølve er ein stor søskenflokk, er det òg eit viktig moment.» Sjølv sit Gunvor som medlem av SOS Barnebyers råd, og ho opplever det som høgst meiningsfylt. «Dette er det siste av alle verva eg ville ha gjeve avkall på,» seier ho.

Det er mange verv Gunvor og Tore har. Utanom å sitje i styre for eigne selskap har dei begge styreoppgåver for eksterne bedrifter og organisasjonar innan den maritime næringa. Dessutan har dei verv som gjeld heilt andre samfunnssektorar enn skipsmiljøet. For Tore ragar vel presidentembetet i NHO aller høgst, medan Gunvor til dømes er nestleiar i styret for NRK. Dei er opplærde til å ta samfunnsansvar, seier dei, og dei lever etter den lærdommen.

For eit konsern som gjennom heile si historie har vore oppteke av å byggje båtar – og å gjere båtane stadig betre og tryggare – var det også naturleg å støtte selskapet som i langt over hundre år har arbeidd for å hjelpe sjøfarande med å berge liv og verdiar. Året etter at Idar døydde, donerte Ulstein 22 millionar kroner til bygging av ei ny redningsskøyte. Som takk for den rause gåva har Redningsselskapet bestemt at skøyta skal bere namnet til Idar Ulstein. Ho stod ferdig i 2015, er stasjonert i Fosnavåg og skal i utgangspunktet operere i det farvatnet som Idar kjende best. «Det finst ikkje ein betre måte å heidre faderen på,» slår Ulstein-borna fast. «Vi er takksame.»

Visjon
ment.png

Ulsmo har en visjon om å lykkes med verdiskapende næringsutvikling. Det å vurdere om lokale idéer kan omgjøres til regionale og globale muligheter, er en kontinuerlig prosess.


Les mer

Styret
styrebilde_lite_bilde_ii.jpg

Ulsmos forretningsstyre er sammensatt av 5 personer. Per idag er alle medlemmene tilhørende 2. generasjon.


Les mer

Rapporter
pic2.jpg

Her finner du våre årsregnskap for nedlasting.