Volda Rideklubb

Volda rideklubb er ein klubb med mangfald. Den er open for alle, uavhengig av alder og interesse innanfor hestesporten.

Klubben har både aktive konkurranseryttarar og hobbyryttarar, og har tilhaldsstad ved ridebana på Rotevatn. Dette er ein samlingsplass for hesteinteresserte, samt ein trygg plass å utvikle seg og trene. Det er og her dei fleste av arrangementa til klubben held til.

Eit av hovudfokus til klubben er barn og unge, samt rekruttering av denne målgruppa. Rundt halvparten av dei 72 medlemmane til klubben er under 16 år. Som tilbod til dei yngre arrangerer klubben jamleg barneriding, juniorkurs, stalldagar og ulike konkurransar. Her er det fokus på hesteglede, samt meistring og gjensidig respekt. Klubben tilbyr òg gratis aktivitetar til Trivelsleiarane i Volda kommune.

Ulsmo AS gir våren 2018 kr 3000,- i støtte til Volda rideklubb til innkjøp av meir utstyr til dei ulike aktivitetane deres; som kjegler, hindermateriell, nummerskilt etc.