Pilskog Overå Vel

Pilskog Overå Vel arbeider i hovudsak for born og unge i Hjørungavåg, der hovudfokuset deres er vedlikehald og oppgradering av leikeplassen i bygda.

I tillegg arrangerer dei eit par sosiale treff i løpet av året. Leikeplassen er eit sosialt treffpunkt i bygda, nytilflytta, barnehagar og skular kan også nytte leikeplassen.

Velforeninga har i lengre tid ønska seg ei taubane (zipline), då dei har sett kor populært dette har vore på andre leikeplassar. Sjølve taubana skal kjøpast frå ein leverandør, men alt arbeidet med montering og førebuingar skal gjerast på dugnad av styret, med god hjelp av bygdefolket.

Ulsmo gir våren 2018 kr 5000,- til arbeidet med å få på plass zipline på leikeplassen og ønsker Velforeninga lykke til med arbeidet.